Klubbhandbok 2016-2017

Førde IL
HANDBALL

KLUBBHÅNDBOK

FOR

HANDBALLGRUPPA

INNHALD

1. VISJON
2. VERDIGRUNNLAG
3. MÅLSETJING
4. ORGANISASJON
4.1 Årsmøtet
4.2 Styret
4.3 Sportsleg utval
4.4 Valnemd
4.5 Funksjonar knytt til kvart einskild lag
5. HANDLINGSPLAN
6. DUGNAD
6.1 Generelt
6.2 Førdecup
6.3 Sommarfesten
6.4 Romjulscupen
7. ØKONOMI
7.1 Generelt
7.2 Honorar/godtgjersle i FIL handball
7.3 Treningskontingent
7.4 Lisens
7.5 Medlemskontingent FIL
7.6 Betaling av dommar(ar)
7.7 Kostnadar ved transport til bortekampar
7.8 Sponsorar
7.9 Billettsal ved heimekampar
7.10 Bot og gebyr
7.11 Betaling ved deltaking i seriespel og eksterne cuper/turneringar
8. UTSTYR
8.1 Avtale og innkjøp av sportsutstyr
8.2 Treningsutstyr/materiell i Førdehuset.
8.3 Personlig utstyr/materiell
8.4 Kjøp av spelardrakter
8.5 Dommarutstyr
9. INFORMASJON
9.1 Internettside
9.2 Årshjulet
10. DOMMARAR
10.1 Rekruttering av dommarar
10.2 Klubbdommarkurs
10.3 Vidareutdanning av dommarar
10.4 Dommarutstyr og anna utgiftsdekning for dommarar
10.5 Refusjon av dommarutgifter
11. ANNA
11.1 Politiattest

Vedlegg
– Vedlegg 1: Handlingsplan
– Vedlegg 2: Instruks for oppmenn
– Vedlegg 3: Eksempel på oppsett for organisering av sekretariat, fairplay- vertar, kjøring m.v
– Vedlegg 4: Dugnadsoppgåver Førde cup – sjå eige excelark
– Vedlegg 5: Dugnadsoppgåver Sommarfesten – sjå eige excelark
– Vedlegg 6: Treningskontingentsatsar
– Vedlegg 7 Rutinar for rapportering av kamper for sekretariat og betaling av dommar
– Vedlegg 8: Fair Play kontrakt spelarar
– Vedlegg 9: Fair Play kontrakt for trenar og oppmann
– Vedlegg 10: Fair Play informasjon til foreldre/føresette

KJÆRE HANDBALLVENER !

Førde IL – Handball har i dei seinare åra hatt stor vekst i tal aktive og lag. Vi er no meir enn 300 aktive fordelt på 20-25 lag.
Styret i handballgruppa set stor pris på ditt engasjement anten det er som medlem i styret, trenar, oppmann, spelar, foreldre, supportar eller støttespelar (sponsor).

Med utgangspunkt i godt samarbeid og god støtte frå alle, ynskjer vi at våre born og unge skal oppleve Førde IL- handball som :

Eit positivt og inkluderande fellesskap som gjev rom for læring, meistring, gjensidig respekt og gode opplevingar

Formålet med klubbhandboka er at den skal vere eit hjelpemiddel for deg til å danne deg eit bilete av handballgruppa sine aktivitetar. Her finn du nyttig informasjon om visjon, verdigrunnlag, målsettingar, organisering, oppgåver og korleis vi jobbar for å nå målsettingane.

Vi har stort fokus på kompetanseutvikling og ynskjer å legge best mogeleg til rette for kvalitet i alle ledd. Dersom du har forslag til endringar eller nye tiltak er du hjarteleg velkommen til å komme med forslag.

Med helsing frå styret.

1. VISJON

Førde IL handball skal:
– vere attraktiv og satsande
– etablere seg som den beste klubben i fylket

2. VERDIGRUNNLAG
Førde IL handball skal vere eit positivt og inkluderande fellesskap som gjev rom for læring, meistring, gjensidig respekt og gode opplevingar

Som ei understøtting av verdigrunnlaget så følgjer Førde IL handball Handballforbundet sine Fair Play verdiar. Dette inneber at alle spelarar, trenarar og oppmenn skal signere på eigen Fair Play- kontraktar, samt at alle foreldre/føresatt får eigen informasjon utlevert.

Sjå vedlegg 7,8 og 9.

3. MÅLSETJING
Førde IL Handball skal:
o Gje eit sportsleg og sosialt treningstilbod tilpassa dei einskilde spelarane i alle årsklassar og på alle nivå både topp- og bredde satsing
o Utøve handballaktivitetar på høgast mogleg nivå, og gje utøvarane dei best moglege ferdigheiter med hovudvekt på humør, leik, trivsel, personleg vekst og auka sjølvkjensle.
o Rekruttere eigne spelarar til A-lagsstallen for seniorar
o Utdanne eigne trenarar og dommarar
o Ha ein velfungerande organisasjon med sunn og stabil økonomi.
Som grunnlag for den sportslege aktiviteten er det utarbeid ein Sportsleg plan

4. ORGANISASJON

4.1 Årsmøtet
Årsmøtet er:
• Det øvste og bestemmande organ i handballgruppa

4.2 Styret

Styret består av sju medlemmar kor eitt medlem skal vere valt frå og av Sportsleg utval.

Styreleiar og kasserer vert valt på årsmøte. Styreleiar vert valt for eitt år om gangen mens resten av styret sine medlemmar vert valt for to år om gangen.

Det skal vere representantar frå begge kjønn; minimum to frå det underrepresenterte kjønn.
Styret består av følgjande medlemar som har følgjande oppgåver:

Medlemmar Arbeidsoppgåver
Leiar
• Administrativt ansvarleg for drifta i handballklubben
• Organisere og gjennomføre styremøte
• Møte på hovudlaget / regionen sine møte og samlingar
• Oppfølging av vedtak / kontraktansvarlig
• Ansvar for at Førde-cup vert planlagt, gjennomført og evaluert
• Årsmøte, lage årsmelding og følgje opp årsmøtevedtak
• Syte for at det vert oppretta eit sportsleg utval
• Innhente politiattest frå nye trenarar og oppmenn
• Kontaktperson mot Region Vest når det gjeld:
o Klubb e-post
Nestleiar • Stedfortredar for leiar
• Oppføring og oppfølging av oppmenn herunder organisering av møter
Kasserar Ansvar for at det vert:
• Utarbeide framlegg til årlege budsjett
• Fakturere og føre rekneskap, og rapportere til styret
• Utarbeide årsrekneskap
Styremedlemmar
(4 stk) • Planlegging og gjennomføring av dugnad knytt til Sport 1 Cup
• Sponsor-/marknadsarbeid
• Utdanning og oppfølging av eigne dommarar
• Ansvar for heimesida
• Ansvar for innkjøp og forvaltning av utstyr
• Bestille KID nr for 13 åringane samt nye spelarar i lisenssystemet
Styremedlem frå
sportsleg utval • Bindeledd mellom sportsleg utval og styret
• Påmelding av lag til serien innan 1.mai
• Skaffe til veie lister med oversikt over lag, trenarar og oppmenn
• Sørgje for at det vert utarbeidd og utlevert evalueringsskjema til oppmenn frå 10 år og oppover ved sesongslutt

4.3 Sportsleg utval
Sportleg utval er samansatt av trenarar i handballgruppa evt eksterne ressurspersonar, og består av inntil 5 medlemmar kor eit medlem skal vere representert i Styret.
Sportsleg utval konstituerer seg sjølv.

Sportleg utval har følgjande oppgåver:
• Trenaropplæring og oppfølging av trenarar
• Utarbeide framlegg til treningstider i Førdehuset og leggje dette fram for styret for vedtak
• Evaluere sportsleg aktivitet gjennom sesongen og sende dette årleg til styret innan 31.12.
• Evaluere og revidere sportsleg plan
• Organisere handballskule og handballakademiet
• Påmelding til ekstern cup/ turnering herunder organisering av deltakinga
• Gjennomføre romjulscup i Førdehuset
• SUM/ RUM kontakt

4.4 Valnemd
Valnemnda består av avtroppande styremedlemar, og fungerer i eitt år.

Oppgåver:
• Rekruttere medlemmar til styret, og meddele dette til styret innan 15. januar

4.5 Funksjonar knytt til kvart einskild lag
Kvar lag skal oppnemne ein trenar og oppmann.
Dette skal vere klart og meldast styret innan 15. september.

Nye trenar og oppmann skal leggje fram politiattest snarast etter at dei har starta i funksjonen – jfr pkt 10.1.

Under følgjer ein kortfatta oversikt over oppgåver til dei respektive funksjonar:
Funksjon Hovudoppgåve
Trenarar

Leie den sportslege aktiviteten for sitt lag • Planlegge og leie treningane i tråd med sportsleg plan
• Følgje laget på kamp og turneringar ved høve
• Saman med oppmann delta på informasjonsmøter for foreldre/føresette
• Kontaktperson ift. RUM aktivitetar
• Delta på kurs og utdanningstilbod
Oppmenn

Administrativt ansvar for sitt lag • Utarbeide liste med oversikt over trenar, oppmann og spelarar, og melde dette til styret v/sportsleg utval innan 15.9
• Utarbeide oversikt over foreldre/føresette med mailadresse og telefonnummer
• Saman med trenar arrangere informasjonsmøte årleg for foreldre/føresette
• Kontakt med foreldra –trenar
• Omberamme kampar i samsvar med retningslinjer frå RVN
• Ta imot/gje beskjed ved endring av kampar
• Organisere transport ved bortekampar, og sekretariat og fairplay- vertar ved heimekampar

Ta ut kamprapport på Region Vest sine heimesider før heimekamp, fylle denne rapporten korrekt ut med namn på spelarar osv, melde inn resultatet på rapporten og leggje kamprapporten i postkassa i utstyrsrommet (sjå vedlegg 7).
• Ta ut Dommarrekning for handball, få denne utfylt av dommarane, og leggje utfylt dommarrekninga i postkassa i utstyrerommet (sjå vedlegg 7).
• Melde inn behov for drakter og anna ustyr til styret
• Følgje opp at spelarar betaler lisens til NHF
• Organisere dugnader som laget vert involvert i
• Delta på møter som styret kallar inn til
• Innhente Fairplay kontraktar frå spelarane
• Evaluere sesongen ved hjelp av skjema som er utarbeidd av Sportsleg Utval (gjeld lag frå 10 år og oppover )

Ved bruk av Fair Play vert:
Fair Play vert skal vere nøytral, og fungere som ein tillitsperson for både dommarar og bortelag under deira besøk i hallen, og hjelpe til med praktiske ting slik at gjestane føler seg godt ivaretekne under besøket • Ta i mot gjestande lag
• Vise dommarane og bortelag garderobar.
• Informere dommarane og bortelag om kampstart.
• Informere dommarane og bortelag om draktfarge, evt. skaffe vestar i god tid før kampstart
• Vere synleg under kampen ved å gå med Fair Play vesten
• Oppstar det spesielle problem, kan dette noterast på kampskjema samt rapporterast til styret
• Ta avskil med gjestande lag
Foreldre • Køyring til bortekampar
• Sekretariat på heimekampar
• Evt fair play funksjon på heimekampar – sjå eigen oppgåveliste
• Stille på dugnad

Sjå og :
– Vedlegg 2: Instruks for oppmenn
– Vedlegg 3: Eksempel på oppsett for organisering av sekretariat, fairplay- vertar, kjøring m.v

5. HANDLINGSPLAN

Det skal lagast ein årleg handlingsplan som viser prioriterte /satsingsområde for sesongen.
denne inngår som vedlegg 1 til klubbhandboka.

Styret og sportsleg utval har ansvar for å utarbeide og godkjenne denne, og det skal skje på første styremøte etter årsmøte.

Handlingsplanen skal mellom anna innehalde:
• Sportslege prioriteringar
• Kurs og utdanning av trenere og dommarar
• Møteplan med oppmenn og trenere
• Miljøtiltak

6. DUGNAD

6.1 Generelt
I tillegg til treningsavgift er sponsorinntekter og dugnadsarbeid handballgruppa sine viktigaste inntektskjelder. Alle foreldre og føresette som har born med i Førde IL handball og aktive på senior/junior nivå, skal derfor delta på planlagde dugnadar i regi av Førde IL handball.
Det betyr at alle må vere budd på å delta på dugnad ved gjennomføring av Sport 1 Cup.
Inntekter frå desse dugnadane tilfaller Handballgruppa i sin heilheit.

Utover dette kan det einskilde lag organisere/ta på seg eigne dugnader til inntekt for sitt eige lag. For å ha oversikt over omfanget av dette skal kvart lag melde all dugnadsaktivitet dvs type dugnad og inntekter til styret. Det bør primært skje før dugnaden tek til.

6.2 Sport1 Cup
Førdecupen vert arrangert i veke 35 og er eit omfattande arrangement som krev stor dugnadsinnsats. Om laget ikkje har på plass oppmenn så tidleg i sesongen, så er det avtroppande oppmann som har ansvaret for å organisere dugnadsarbeidet for laget.
I vedlegg 4 ligg oversikt over dei oppgåver som skal utførast.

6.3 Romjulscupen
Dette er ei lokal turnering som skjer i Førde 4. juledag. Dugnaden her er avgrensa til kampavvikling.

7. ØKONOMI

7.1 Generelt
Tiltak/aktivitetar/innkjøp som medfører kostnadar som ikkje vert betalt/belasta det einskilde laget, men som skal betalast av Førde IL Handball, skal vere godkjent av styret/styreleiar før dei vert sett i verk.

7.2 Honorar/godtgjersle i FIL handball
Følgjande gjeld:
• Styreleiar får kompensasjon til ein verdi av kr 5.000 pr år.
• Ein trenar pr lag får fri treningsavgift for eitt barn.
Om vedkomande ikkje har born som er aktive i Førde Il Handball, får trenaren gåvekort tilsvarande treningsavgift for gjeldande lag. Vedkomande må sjølv ansvarleg for å melde dette vervet til styret for å motta kompensasjon for dette.
• Ein oppmenn per lag får fri treningsavgift for eitt barn.
Om vedkomande ikkje har born som er aktive i Førde Il Handball, gjeld same regel som nevnt over for trenar
• For minihandballen ein oppmann fri treningsavgift i kvar av årsklassane 7, 8 og 9 åringar.

Om laget har fleire frivillige med liknande verv, kan desse dele kompensasjonen mellom seg.
Utstyr til oppmann: kvar oppmann får ein stk gensar frå Førde Il Handball til bruk ved representasjon
Styret vurderer frå sesong til sesong behov for lønna instruktører på aldersbestemte lag.

7.3 Treningskontingent
Alle spelarar skal betale treningskontingent.

Gjeldande satsar kjem fram i vedlegg 6.

Sats på treningskontigenten følgjer alderen på spelaren og ikkje årsklasse på laget.
For eksempel: Ein gut som er 12 år og spelar på 13- årslaget skal betale treningskontigent som for
12- åringar. Vert vedkomande 12 år i desember og kontingenten vert betalt i september, skal ein betale som for 12 – åringar.

7.4 Lisens
Alle spelarar over 13 år skal betale lisens til Norges Håndballforbund. Lisensen skal betalast frå 01.01. det året spelarane fyller 13 år. Det betyr at J/G 12 år skal betale lisens for siste halvdel av sesongen (halv pris). Spelarar som ikkje har betalt lisens har ikkje lov til å spele. Manglande betalt lisens ved lisenskontroll kvart halvår medfører bot og dermed dobbel utgift. Feil klubbtilknytnad medfører og bot og tap av poeng for alle spelte kampar så langt i sesongen. Bøter for manglande betalt lisens må den enkelte spelar betale sjølv.

Alle må bruke eige KID lisensnummer ved betaling av lisensen. Spelarane mottek lisenskrav i posten frå NHF så sant dei har betalt året før.
Når det gjeld J/G 12 år som skal betale lisens, så sender oppmann i god tid før jul ein oversikt over sine spelarar til styret. I oversikten skal det stå namn – fødselsdato – adresse på alle spelarane. Styret legg inn dei nye 13 åringane i lisenssystemet i god tid får jul og sender ut informasjon og lister til laga som viser KID nummer til den enkelte spelaren. Oppmannen er ansvarleg for at alle spelarane på laget mottek denne informasjonen.

Lisensen omhandlar ein forsikringsordning med to variantar kor spelarane får refundert utgifter ved skader. Eigenandel må spelarane dekke sjølv. Info finst på skjemaets bakside. Ved skade fylles ut eit eige skadeskjema. Lisensskjema og informasjon om forsikringsordninga finn du på www.handball.no under ”Lisens og forsikring” (venstre side).

7.5 Medlemskontingent FIL
Alle som deltar i handballgruppa sine aktivitet enten som spelar, trenar eller oppmann må være medlem av Førde IL.

7.6 Betaling av dommar(ar)
Kvart lag skal syte for at dommar(ane) får utlevert og fyller ut ”Dommarrekning for handball”. Om dommaren(ane) skal dømme fleire kampar same dag, så er det laget kor dommaren(ane) dømmer den siste kampen, som betaler reise- og kost for heile opphaldet i Førde. Deretter skal rekninga leggjast i lukka postkassa på utstyrsrommet saman med utfylt kamprapport. Desse vil bli henta av styret ein gong pr veke. (Sjå og vedlegg 7).

Styret har ein representant som hentar kamprapport og dommarrekning, og handterer dette vidare. Ingen dommarar skal ha kontant betaling, representant for styret overfører denne betalinga til oppgitt konto i dommarrekninga.

Om lag i Førde IL handball er ansvarleg for kampar på andre stader enn i Førdehuset, så må laget følgje dei same rutinane som for heimekamper.

7.7 Kostnadar ved transport til bortekampar
Kvart einskild lag må avgjere om ein skal krevje inn betaling for transport til bortekampar eller om dette vert gjort på dugnad kor alle foreldre deltek og tar sin del.

7.8 Sponsorar
Førde IL- Handball har inngått avtale med eigne sponsorar. Det einskilde lag har derfor ikkje høve til å inngå avtale med andre sponsorar. Er ein i tvil skal styret kontaktast.

Likevel kan det ved einskilde høve bli arrangert særskilde arrangement kor ein kan nytte seg av egne sponsorar. Då skal styret kontaktast for å påsjå at det vert ført rett rekneskap på rett måte med moms m.v.

Sponsorane sine segl ligg på utstyrsrommet i Førdehuset og skal nyttast ved alle seniorkampar og større arrangement som Sport1 Cup.

7.9 Billettsal ved heimekampar
Det skal ikkje vere billettsal ved kamper med unntak av damelaget sitt førstelag.
Styret har fullmakt til å utarbeide eigen retningslinjer for dette.

Ved cupkampar er det obligatorisk billettsal jfr retningslinjer frå Handballforbundet.

7.10 Bot og gebyr
Handballklubben får bot/gebyr for følgjande forhold:
• Omberamming av kampar etter at terminliste er fastsett
• Om lag ikkje møter til kamp
• Trekking av lag
• Dommar som ikkje møter
• Nytte spelarar som ikkje har betalt lisens

Nærare omtale av dette kan lesast på Region Vest sin internettside Kampreglement for NHF Region Vest og Bestemmelser

Dei tilhøva som fører til økonomiske meirkostnadar for handballgruppa, skal godkjennast av styret før dei vert sett i verk.

7.11 Betaling ved deltaking i seriespel

Handballklubben dekker kontingent/påmeldingsavgift ved deltaking i seriespel

Reise- og opphaldskostnadar må derimot dekkast av det einskilde lag.

8. UTSTYR

8.1 Avtale og innkjøp av sportsutstyr
Førde Il Handball har bindande innkjøpsavtale av sportsutstyr med Sport 1. Dette betyr at alle innkjøp handballgruppa gjer på utstyr og materiell må gå gjennom denne avtalen.
Dersom avtalen ikkje dekkjer handballgruppa sitt utstyrsbehov, må dette avklarast med styret i Førde Handball.

Innkjøp av utstyr utover det som laga betaler sjølve, skal skje ved forespurnad til styret

8.2 Treningsutstyr/materiell i Førdehuset.
Handballgruppa har fått tildelt eit rom i hallen til oppbevaring av treningsutstyr. Alle lag ved trenar har tilgang til rommet, som til ei kvar tid skal vere avlåst. (Førdehuset har reservenøkkel/tilgang til rommet ved behov.)

Her skal det til ei kvar tid vere følgjande materiell:
• treningsvestar (ulike fargar)
• kjegler
• medisinskrin
• isposar og sportstape

Kvart einskild lag v/ trenar (oppmann/ andre) som nyttar dette utstyret, er ansvarlege for at dette blir sett på plass etter bruk.
Dersom det blir oppdaga manglar ved utstyret, må den som registrerer mangelen gje melding til styret. Styret er ansvarleg for å supplere utstyret.

I tillegg disponerer Førde IL handball eit større rom i Førdehuset. Her er det lagra varige verdiar.
Eit avgrensa tal styremedlammar og leiarar av seniorgruppa har nøkkel til dette rommet.

8.3 Personlig utstyr/materiell
Det blir forventa at kvar enkelt spelar/utøvar kjøper ball i riktig storleik, og evt. anna utstyr (klister m.m.) som ein sjølv treng for å utøve aktiviteten.

8.4 Kjøp av spelardrakter
Spelarane skal sjølve eige/kjøpe drakta si.
Dei laga som treng nye drakter til spelarane skal derfor oppta bestilling i sitt lag og melde inn samla til styret:
– tal drakter – storleik – nummer på drakta og evt namn på drakta .
Draktene vert levert ut når laget stadfester at dei har betalt inn den samla eigenadelen til Førde IL Handball.

Minihandballen får utlevert drakter til låns frå handballgruppa.

9. INFORMASJON

9.1 Internettside og Facebook
Førde IL-Handball har ei eiga nettside; www.fil-handball.no
Her finn du mykje nyttig informasjon om korleis handballgruppa er organisert, kontaktinfo til styremedlemmane og sportsleg utval , liste over oppmenn og trenarar, klubbhandboka vår, samt generell informasjon om føreståande aktivitetar.

Nettsida er vår hovudkanal for informasjon til spelarar og foreldre. Styret er ansvarleg for å halde denne oppdatert.

For at sidene våre skal vere aktuelle og oppdaterte er det viktig at foreldre og andre sender inn bilete, referat frå kampar, turneringar m.v. til styret.

Norges handballforbund sine nettsider finn du på www.handball.no. Vi tilhøyrer Region Vest. Her finn du mellom anna resultat/terminliste og anna relevant informasjon.

9.2 Årshjulet
Under står dei viktigaste hendingar gjennom året:

Månad Andre oppgåver/aktivitetar
August/september • Sport1 Cup veke 35
• Sportsleg utval skal innhente liste med oversikt over trenar, oppmann og spelarar, og melde dette til styret innan 15.9
• Møte for oppmenn
• Endeleg kampoppsett for sesongen
• Oppmenn set opp og sender ut fordeling av oppgåver
• Betale spelarlisens
• Sesongstart
• Bestille KID nr for spelarar som er 13 år og eldre og som ikkje har dette frå før
• Arbeide med sesonghefte
• Foreldremøte

Oktober/november
• Handballskule (i haustferien)
• Lisenskontroll
• Bestille KID nr for 12 åringane som vert 13 år på nyåret
• Bestille Førdehuset og skular til overnatting til Sport1 Cup
Desember • Romjulscup
• Lisensbetaling for 12 åringar (1/2 – sesong)
• Årsmelding frå sportsleg utval til styret
• Innmelding av Sport1 Cup til Region Vest
• Søknad handballskule i vinterferien
Januar/Februar • Innspel til budsjett, handlingsplan og saker årsmøte
• Årsmøte – årsmeldingar
• Handballskule gjennomføring i vinterferien
• Oppmanns og trenarmøte (ang cupdeltaking)
Mars/April • Sesongslutt/evaluering av dei ulike laga frå 10 år og oppover
• Deltaking i evt cuper
• Melde på lag til neste sesong til styret
• Start førebuing Sport1 Cup
• Gjennomføre dommarkurs for 14-års lag
Mai/juni • Påmeldingsfrist for lag og dommarar 1. mai
• Innmelding av behov for treningstider i Førdehuset innan 15. mai
• Bestill Førdehuset dersom Romjulscupen skjer i Førde
• Gjensidige handballskule i okt må bestillast innan 1.juni til regionen
Juli • Kampoppsett blir sendt ut

10. DOMMARAR

10.1 Rekruttering av dommarar
Det er viktig å rekruttere eigne dommarar då dette;
• gjer oss i stand til å avvikle eigen turneringar,
• vert pålagt dette av region Vest og får «bot» om vi ikkje har dommarar
• reduserer dommarkostnadar på heimekampane.

Det siste er spesielt viktig då dommarkostnadar er den største utgiftsposten ved kampgjennomføring.

10.2 Klubbdommarkurs
For å starte rekruttering skal alle spelarar i 14 års klassen gjennomføre eit 1-2 timars kurs om kampreglar (mars/april). Her registrerer ein kven som ønskjer å delta på klubbdommarkurs.

Klubbdommarkurs (2 timer) vert gjennomført i mai månad alternativt august for alle som ønskjer å bli klubbdommar. Desse skal då dømme kamper i 10 og 11 års klasser samt minihandball.
Sport1 Cup vert såleis ein opplæringsarena for desse dommarane.

Førde IL handball er ansvarleg for å skaffe/sette opp dommarar i 10 og 11- års klassane samt minihandball. Derfor er det viktig at ein har så mange klubbdommarar på dette nivået som mogleg.

10.3 Vidareutdanning av dommarar
Region Vest er ansvarleg for gjennomføring av dommar 1 og dommar 2 kurs samt ytterlegare kus.
Det er ei målsetjing om at flest mogleg dommarar som har teke klubbdommarkurs går vidare og tek dommar-1 kurs.

Klubben kan etter søknad dekke kostnadar til vidareutdanning av dommarar.

10.4 Dommarutstyr og anna utgiftsdekning for dommarar
Handballgruppa dekkjer/skaffar følgjande utstyr til aktive dommarar:
• Eiga passande trøye, fløyte og dommerkort: Ved dømming ved minikampar og årsklasse 10 og 11 år
• Dommartrøye og shorts og kort: Ved godkjent dommar 1- kurs
• Overtrekksdress og treningsbagg: Ved godkjent dommar 2- kurs

Ved ”aktive” meiner vi dømming i eigen regi, i regi av regionen og under eigne cupar som Førdecup og Romjulscup.

I tillegg betaler handballklubben dei årlege lisensutgifter til Norges Handballforbund om spelaren ikkje er aktiv spelar.

10.5 Refusjon av dommarutgifter
Ved dommarrekningar over kr. 1000 pr. dommar pr. arrangement, så vert overskytande beløp refundert av regionen etter innsending av refusjonskrav (faktura) samt kopi av dommarrekningane. Rekningane må sendast regionskontoret seinast 15.12 og 15.05. Oppgjer finn stad den 30.12 og 30.05.

11. ANNA

11.1 Politiattest
Idretten skal vere eit trygt sted å vere for alle. Idretten ynskjer aktivt å motarbeide seksuelle overgrep innan idretten og har difor innført framlegging av politiattest som eit virkemiddel for å avgrense moglegheiten for slike overgrep.

I Førde IL Handball skal derfor følgjande reglar følgjast innafor dette området:
• Styret i Førde IL Handball skal krevje inn politiattest av alle tilsette og frivillige som utfører oppgåver for handballen som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige. Dersom du har levert inn politiattest for same oppgåve tidlegare skal du ikkje levere inn ny før du evt. vert kontakta for oppdatert politiattest.
• Kvar enkelt går inn på: www.idrett.no/tema/politiattest og hentar ut politiattest.
• Førde IL handball v/styreleiar fyller ut for FIL-Handball og signerer. Vedkommande som skal ha attesten signerer og sender søknaden til politiet (leverer personleg, eller legg ved kopi av pass el. anna legitimasjon).
• Vedkommande får politiattesten tilsendt og må leggje denne fram for igjen for Førde IL handball v/styreleiar. (handballen skal ikkje oppbevare attesten- berre sjå den)
• Den som er ansvarleg for å sjå og registrere attesten har teieplikt

(Uavhengig av teieplikt har den ansvarlege anledning til å registrere opplysningar om kven som har synt politiattest og når den er synt fram, om det er merknad eller om vedkommande ikkje har levert, dette er dokument som vert oppbevart forsvarleg saman med andre styredokument).

Vedlegg
– Vedlegg 1: Handlingsplan
– Vedlegg 2: Instruks for oppmenn
– Vedlegg 3: Eksempel på oppsett for organisering av sekretariat, fairplay- vertar, kjøring m.v
– Vedlegg 4: Dugnadsoppgåver Førde cup – sjå eige excelark
– Vedlegg 5: Dugnadsoppgåver Sommarfesten – sjå eige excelark
– Vedlegg 6: Treningskontingentsatsar
– Vedlegg 7 Rutinar for rapportering av kamper for sekretariat og betaling av dommar
– Vedlegg 8: Fair Play kontrakt spelarar
– Vedlegg 9: Fair Play kontrakt for trenar og oppmann
– Vedlegg 10: Fair Play informasjon til foreldre/føresette

Vedlegg 1: Handlingsplan 2016 – 2017

Nr Tiltak Tid Målgruppe Omfang Ansvar Merknad
1 Handballakademi – ungdomsgrup 12-15 år 1,5 t/veke KG
2 Handballakademi -vidaregåande 16-19 år 3 t/veke KG
3 Gjensidige handballskulen Haustferie
(Vinterferie)
7-13 år 3-5 dagar KG
5 Førde handballcup 30.8-1.9 Påmeldte lag internt og eksternt 3 dagar Styret
6 Romjulscupen i handball 4. juledag Påmeldte lag internt og eksternt 1 dag OEG
7 Deltaking sone- og regionale samlingar 4-5 gongar pr årsgrp 13 år og oppover 1 dag Sportsleg utval
8 Treningsleir August 16 år + seniorgruppa 5 – 7 dagar OEG
9 Regelopplæring Vår 2017 Spelarar født
2002/2003 3 t dommaransvarleg
10 Dommaropplæring – klubbdommarkurs Vår Spelarar født
2002/2003 4 t dommaransvarleg
11 Dommarkurs-
dommar-I kurs Vår/haust Alle dommaransvarleg
12 Trenarkurs Trenarar AS
13 Trenarmøter/samling 4 pr sesong Alle trenarar 2 t KG/AS/OEG
14 Oppmannsmøter/samling 2-3 pr sesong Alle oppmenn 3 t AF
16 Sportsutstyr – oppgradering drakter og klubbkvelder Vår/haust SRV
17 Heimesida – bytte og oppgradering Kontinuerleg KG/AS
Ansvar:
KG: Kristinn Gudmundsson, OEG: Odd Erik Gullaksen, AS: Arild Sandvoll, AF: Annette Fosse, SRV: Sølvi Ripe Vinda,

Vedlegg 2: Instruks for oppmenn

Velkommen som OPPMANN i handballgruppa.

Styret i handballgruppa set stor pris på at du har påtatt deg ansvaret som
oppmann. Oppmannen har ei svært viktig rolle som administrator av laget.

Utan eit godt samarbeid med og god støtte frå oppmenner er det ikkje mogeleg å
gje våre born og unge eit godt sportsleg tilbod og trygge rammer rundt det einskilde handballag.

Formålet med informasjon er at den skal være et hjelpemiddel for deg i ditt arbeid som oppmann. I tillegg til klubbhandboka for handballgruppa, håper vi at du ved å lese gjennom instruksane har eit godt verktøy til løyse dei oppgåvene som oppmannen må utføre.

Vi ber om tilbakemelding dersom du har forslag til endringar. Innspel, konstruktive forslag og positivt engasjement set vi pris på.

Er det noko du lurer på ta kontakt med leiar i handballstyret.
Handballstyret har som mål å ha to møter med oppmennene pr sesong. Om hausten i samband med Førde-Cup og våren etter sesongslutt.

LYKKE TIL !
Oppgaver
(Henta frå Klubbhandboka pkt 4.5)
• Utarbeide liste med oversikt over trenar, oppmann og spelarar, og melde dette til styret innan 15.9
• Følg linken under for å legge inn informasjon om laget/spelarane, og les instruksar her for korleis registrere spelarar, bruke app osv.
https://www.handball.no/regioner/nhf-sentralt/praktisk-info/palogging/brukerveiledninger/legge-inn-spillerstall/
• Last inn appen: min håndball. Velg her kva lag du vil følgje. Ved hjelp av denne appen kan ein blant anna: melde inn kampresultat, fylle ut kamprapport, med meir.
• Utarbeide liste med oversikt over foreldre/føresatte (namn/tlf/epost)
• Saman med trenar arrangere informasjonsmøte for foreldre/føresatte
• Kontakt med foreldra –trenar
• Organisere transport ved bortekampar, og sekretariat og evt fairplay- vertar ved heimekampar
• Ta ut kamprapport på Region Vest sine heimesider før kampen, syte for at dette er korrekt utfylt, melde inn resultat og leggje kamprapporten i postkassa i utstyrsrommet.
• Ved heimekampar: printe ut og ta med Dommarrekning for handball, syte for at denne vert utfylt av dommaren(ane), og leggje rekninga i postkassa i utstyrsrommet
• Melde inn behov for drakter og anna ustyr til styret
• Følgje opp at spelarar betaler lisens til NHF
• Organisere dugnader som laget vert involvert i
• Delta på møter som styret kallar inn til
• Innhente Fairplay kontraktar frå spelarane

Vedlegg 3: Eksempel på oppsett for organisering av sekretariat, fairplay- vertar, køyring med meir

LAG:
Tal bilar bortekampar:
Sekretariat: 2 foreldre
Fair Play vert: 1 foreldre
Oppmøte er Førdehuset om ikkje anna vert bestemt
Dato Tid Stad Heimelag Bortelag Kjøring Sekretariat Fairplay-vert Oppmøte tid Merknad

Dato
________________
Oppmann

Vedlegg 6: Treningskontingentsatsar sesongen 2016-2017

Aldersgruppe Årskostnad kr
Under 10 år (minihandball) 850
10 – 11 år 1400
12 år 1700
13 – 15 år 2000
16 – 18 år og heiltidsstudentar 2200
Over 18 år 2700
Gullserien 1350

Vedlegg 7 Rutinar for rapportering av kamper for sekretariat og betaling av dommar

Kamprapport
1. Gå inn på handball.no
2. Klikk på Kamper
3. Finn deretter rett kamp:
– Region: NHF Region Vest
– gå i søkfelt, skriv ditt lag (eks J13)
– Velg ditt lag i rett avdeling (H=Hordaland/SF=Sogn og Fjordane)
– Klikk deretter på Neste Kamper
4. Finn kampen og klikk på kampnummeret
5. I tabellen Kampinformasjon – klikk kamprapport
6. Skriv ut kamprapporten og ta den med til kampen.
7. Påfør kampresultat- og sørg for alle underskrifter
8. Rapporter kampresultatet.
9. Legg kamprapporten i postkassa i materialrommet i Førdehuset

Rapportering av kampresultatat

Kampresultat kan «sendast inn» ved hjelp av appen: min håndball (dette er skildra nærare ovanfor under informasjon til Oppmenn). Eventuelt via ta.nif.no.
I ein overgang vil ein framleis kunne gjere det på følgjande måte:

Ring 815 68 333
(lokaltakst)
Etter kampen skal arrangør/resultatansvarlig ringe til resultattelefonen, og blir da bedt om å taste inn kampens Resultat PIN (står på kamprapport).

Gangen i registrering via resultattelefonen:
• Velkommen til Håndballforbundets resultattelefon
• Tast inn kampens resultatpin. (Denne står på kamprapporten sin øvre linje).Avslutt med firkant-tast
• Inntastet resultatpin er:

Inntastet Resultat Pin blir lest opp
• Er dette korrekt, tast 1 – For ny inntasting, tast 2
• Vennligst vent, systemet sjekker inntastet resultat pin

Mulige feil:
Det oppnås ikke kontakt med databasen:
Det ble ikke oppnådd kontakt med systemet. Prøv igjen litt senere. Tjenesten avsluttes

Dersom du har tastet inn feil Resultat pin:
Inntastet resultatpin er ikke gyldig, vennligst prøv igjen

Dersom resultatet allerede er registrert:
Resultatet for inntastet kamp foreligger

Lag ikke møtt:
Dersom det ene laget ikke har møtt til kampen tastes antall mål lik 0 til laget som møtte, og antall mål lik 99 til laget som ikke møtte. Resultatet vil da bli registrert med 0 – 0 i målforskjell, og 2 poeng til laget som møtte til kampen.
Antall mål inntastet for hjemmelag blir lest opp
• Antall scorede mål bortelag:
Antall mål inntastet for bortelag blir lest opp
• Resultatet er registrert.
• Ønsker du å registrere flere resultater, tast 1. Legg på for å avslutte.

Dommerrekning – betaling av dommarar

1. Denne skjemaet heiter Dommerregning Regionserien, sjå link:
https://www.handball.no/regioner/region-vest/kampaktivitet1/dommere/dommerregning-regionserie/
Du finn den slik:
Handball.no /region vest/kampaktivitet/dommere og utviklere/dommarrekning i regionserien.
2. Skriv ut skjema.
3. Fyll ut skjema saman med dommarane
4. Dommarane må signere
5. Legg deretter dommarrekninga i postkassa i materialrommet i Førdehuset
6. Om dei same dommerane dømmer fleire kamper same dag, så er det det laget som nyttar dommarane i deira siste kamp som må betale kost- og reiseutgiftene.
7. Skriv øvst på dommarrekninga kva lag rekninga gjeld.

Førde IL Handball – Fair Play Kontrakt
Denne kontrakten gjeld for alle handballspelarar i Førde IL Handball . Den er ein del av Fair Play-programmet som omfattar heile handballsporten. Det viktigaste i Fair Play er respekt: Respekt for dommaren, respekt på bana og respekt i hallen.

Dette er Fair Play-reglane:

➢ Du skal respektere trenaren, dommaren og spelets reglar
➢ Du skal vise respekt for laget og lagkameratane dine
➢ Du skal vise respekt for alle dine motspelarar
➢ Du skal ikkje vere med på mobbing, rasisme og annan dårleg oppførsel
➢ Du skal møte presis til alle avtalarer og rydde etter deg i hallen og garderoben
➢ Du skal tape og vinne med samme sinn

Underteikna lover å følgje Fair Play-reglane. Til gjengjeld lovar trenar og klubb å legge til rette for at alle har det gøy med handballen og at sporten vert prega av respekt, rettferdigheit og positive haldningar.

Det handlar om respekt, ikkje sant?

____________________
Stad/dato

____________________ ____________________ ____________________
Spelar Føresett Trenar/oppmann
(når spelaren er under 13 år)

Etter signering, skal desse skjema oppbevarast hos oppmann.

Et samarbeidsprogram mellom Norges Håndballforbund og Norsk tipping

Førde IL Handball

Fair Play Kontrakt
Denne kontrakten gjeld for alle trenarar/oppmenn i Førde IL Handball. Den er ein del av Fair Play-programmet som omfattar heile handballsporten. Det viktigaste i Fair Play er respekt: Respekt for dommaren, respekt på bana og respekt i hallen.

Dette er Fair Play-reglane som underteikna lover å følgje:
➢ Du skal respektere dommaren, motstandaren og klubben din
➢ Du skal vise respekt for laget ditt, klubben din og spelarane dine
➢ Du skal vise respekt for alle dine motspelarar
➢ Du skal vere eit forbilde som tek avstand frå mobbing, rasisme og
anna dårleg oppførsel
➢ Du skal møte presis til alle avtalar og rydde etter deg i hallen og garderoben
➢ Du skal tape og vinne med same sinn
➢ Snakk med spelarane dine om Fair Play, respekt, verdiar og haldningar før, under
og etter sesongen
➢ Bidra til at alle trivast og har det gøy med handballen

Underteikna lover å følgje Fair Play-reglene. Til gjengjeld lovar klubben å legge til rette for at alle har det gøy med handballen og at sporten vert prega av respekt, rettferdigheit og positive haldningar.

Det handlar om respekt, ikkje sant?

____________________
Stad/dato

____________________ ____________________
Trenar/oppmann Styreleiar
Førde IL Handball

Etter signering,skal desse skjema oppbevarast av styret.

Et samarbeidsprogram mellom Norges Håndballforbund og Norsk tipping

Førde IL Handball

Fair Play informasjon

Denne informasjonen er til alle foreldre/føresette i Førde IL Handball. Den er ein del av Fair Play-programmet som omfattar heile handballsporten. Det viktigaste i Fair Play er respekt: Respekt for dommaren, respekt på bana og respekt i hallen.

Dette er foreldrevettreglane:

➢ Møt opp på trening og kampar – borna ynskjer det
➢ Gje oppmuntring til alle spelarane under kamp. Ikkje berre dine eigne born.
➢ Gje oppmuntring i både medgang og motgang – ikkje gje kritikk
➢ Hjelp barnet ditt til å tåle både seier og tap
➢ Støtt dommaren – ikkje kritiser dommaravgjersler
➢ Respekter lagleiar sin bruk av spelarar
➢ Vis respekt for det arbeidet klubben gjer – tilby di hjelp
➢ Hugs at det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du

”Vi står saman om Fair Play”

Det handlar om respekt, ikkje sant?

____________________
Stad/dato

______________________
Førde IL Handball

Et samarbeidsprogram mellom Norges Håndballforbund og Norsk tipping